Monocytt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Monocytt er ein type kvit blodlekam. Desse blodlekamane har til jobb å ete opp daudt vev og bakteriar som ikkje er velkomne i kroppen. Cellene er kjenneteikna av ei stor bønneforma cellekjerne. Dei utgjer mellom tre og åtte prosent av dei kvite blodlekamane.

Monocyttar speler også ei svært viktig rolle i immunforsvaret ved at dei «dirigerer» den fyrste responsen kroppen har på ein infeksjon. Som mange andre kvite blodceller blir monocyttar danna i beinmergen frå stamceller. Dei sirkulerer i blodstraumen i 1-3 dagar før dei går inn i vevet. Rundt halvparten av monocyttane blir lagra i milten.[1]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads