Mons Ivar Mjelde
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mons Ivar Mjelde (fødd 17. november 1967) er ein norsk fotballtrenar og tidlegare spelar frå Haus på Osterøy. Han er no trenar i eliteserieklubben IK Start.
Remove ads
Karriere
Mons Ivar «mål-Mons» Mjelde var ein rutinert spiss og dyktig med hovudspel. Han var to sesongar i Austerrike og returnerte heim til Brann og Osterøy sumaren 1996. Han var på utlån til Sogndal i 2001. Han spela 160 kamper for Brann (128 serie) og laga 72 mål (55 serie). I sesongen han kom heim frå Austerrike (1996) laga han 19 mål på 15 kamper i serien.
Som spelar har Mjelde har 3 A-landskampar kor han laga 2 mål. Han fekk Kniksen-prisen i 1996 som «Beste Angripar», seriesølv i 1997 og 2000, seriebronse i 1999, cupsølv i 1999, og kom til kvartfinale i Cupvinnarcupen i 1996/97.
Han slutta som spelar i august 2001 og tok over jobben som trenar for Branns reservelag. Då Teitur Thordarson slutta som hovudtrenar i Brann i desember 2002 overtok Mjelde jobben som hovudtrenar. Som trenar har han leia Brann til cupgull i 2004 og seriegull i 2007 og er såleis ein av dei mest suksessrike Brann-trenarane i historia. Han var hovudtrenar for Sportsklubben Brann 2003 til 2008.
Mons Ivar Mjelde annonserte 7. oktober 2008 han kom til å trekke seg som hovudtrenar for Brann etter sesongen var over.
Remove ads
Tida etter Brann
1. juni 2009 blei Mons Ivar Mjelde presentert som ny Bryne-trenar. Adeccoligaklubben, som låg på nedrykksplass vart sikra plass i ligaen for neste sesong under leiarskapen til Mjelde. Mjelde trente klubben resten av året.
Mjelde trente også Osterøyklubben Valestrandfossen Hjellvik Fotball ein periode i 2009. Frå 12. juli 2011 tok han over som hovudtrenar i IK Start.
Karriere som spelar
Karriere som trenar
Remove ads
Kjelder
- SK Brann.org
- Mons Ivar Mjelde på bokmålswikipediaen
Bakgrunnsstoff

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads