Montauban

From Wikipedia, the free encyclopedia

Montaubanmap
Remove ads

Montauban (Montalbanoksitansk) er ein by og kommune sørvest i Frankrike og préfecture (hovudstad) i departementet Tarn-et-Garonne 50 km nord for Toulouse.

Kjappe fakta Land Region Departement, Grunnlagd ...

Byen er hovudsakleg bygd i raudfarga murstein og ligg ved den høgre breidda til elva Tarn, der ho renn i hop med Tescou.

Remove ads

Historie

Med unntak av Mont-de-Marsan er Montauban den eldste av bastides i Sør-Frankrike. Han vart grunnlagd i 1144Alphonse Jourdain, greve av Toulouse gav han mykje fridom. Innbyggjarane kom hovudsakleg frå Montauriol, ein landsby som hadde vakse opp rundt det nærliggande klosteret St. Théodard.

På 1200-talet leid byen under herjingane til katarane og av Inkvisisjonen, men i 1317 hadde han tatt seg opp så pass mykje at pave John XXII valde byen som senter for eit bispedøme, der basilikaen St. Théodard vart domkyrkja.

Med freden i Brétigny i 1360 vart byen gjeve til engelskmenna, men dei vart forvist av innbyggjarane i 1414. I 1560 slutta biskopane seg til protestantismen, forviste munkane og øydela domkyrkja. Ti år seinare vart byen ein av fire tilfluktsstader for hugenottar under Freden i Saint-Germain, og danna ein liten sjølvstendig republikk. Han var hovudkvarteret for hugenottopprøret i 1621, og stod imot ei 86 dagar lang omleiring av Louis XIII. Han kom ikkje under den kongelege makta før La Rochelle fall i 1629, då festningsverka der vart øydelagde av Kardinal Richelieu. Protestantane vart igjen forfulgt etter opphevinga av Ediktet i Nantes i 1685.

Remove ads

Økonomi

Hovudnæringane til byen er handel med jordbruksvarer, hestar, fjørfe, i tillegg til planteskular, kleproduksjon, møller, trelasthandel og produksjon av møblar, silkedukar og stråhattar.

Galleri

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Montauban
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads