Monte Emilius

From Wikipedia, the free encyclopedia

Monte Emiliusmap
Remove ads

Monte Emilius er ein 3 559 meter over havet høg fjelltopp i Graji-Alpane i regionen Valle d'Aosta, vest i Italia. Fjellet reiser seg 3 000 meter opp frå Aostadalen, på sørsida av dalføret. Monte Emilius er såleis eit dominerande landemerke i regionen. Fjellmassivet merker seg ut med mange små fjellvatn, eigentleg brevatn, med Laghi delle Laures som det mest kjende.

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...

Monte Emilius kan lettast klivast langs ei lang, markert egg. Fjellhytta Rifugio Arbolle er det vanlege utgangspunktet for ein topptur.

G.B. Defey og Laurent Cerise skal ha vore dei fyrste menneska på toppen i 1823. Den italienske presten Georges Carrel var på toppen i 1826.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads