Moorhead
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Moorhead er ein by i Clay County i delstaten Minnesota i USA. Byen er den folkerikaste i det nordvestlege Minnesota. Moorhead ligg på austbreidda av Red River, med byen Fargo i Nord-Dakota på motsett side av elva. Fylkessetet for Clay County ligg i byen.[1]
Ved folketeljinga i 2020 hadde Moorhead eit folketal på 44 505.[2]
Byen blei planlagd i 1871 og gjeven namn etter William Galloway Moorhead, som var tilsett ved Northern Pacific Railway.[3]


Moorhead er kjend som ein studentby. Byen har fem lærestader som tilbyr høgare utdanning. Det privateigde Concordia College vart grunnlagt i 1891 av norske innvandrarar, og legg særleg vekt på kultur, religion og helsefag. Vidare har byen ei avdeling av Minnesota State University, høgskulane Minnesota State Community and Technical College, Globe University/Minnesota School of Business, samt Rasmussen College. Moorhead vart grunnlagt i 1871.
I Moorhead finn ein «Hjemkomst Center» med Gokstadskipkopien «Hjemkomst», som vart segla til Noreg i 1982. I senteret ser ein og «The Moorhead Stave Church», kopi av Hopperstad stavkyrkje, i Vik i Sogn.
Remove ads
92,0 % av ibuarane i Moorhead er kvite, medan latinos utgjer 4,1 % og er den største minoriteten. Av ibuarane med europeiske anar dominerer folk av norsk og tysk avstamming, med høvesvis 36,1 og 36,0 %.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads