Morbærfamilien
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Morbærfamilien er ein plantefamilie i ordenen Rosales som omfattar 40 planteslekter og over 1400 artar, fleire av dei viktige nytteartar.
Morbærfamilien er nært i slekt med neslefamilien. Tre og buskar er tofrøblada med spreidde blad, mjølkesaft og einkjønnea, frikrona blomar i rakler eller hovud. Hjå nokre av artane svulmar aksen av blomsterstanden opp og blir kjøtfull, som fiken. Hjå andre blir blomsterdekkblada saftige og kjøtfulle, som morbær.
Remove ads
Bruk
Frå artar i morbærfamilien får ein fruktene morbær, brødfrukt og fiken. Nokre fikenartar kan brukast som prydplantar, som poppelfiken (banyan, Ficus benghalensis), stoveplantar, som bjørkefiken (Ficus benjamina), og bonsai. Blada frå kvitmorbær (Morus alba) vert brukte i silkeproduksjonen som mat for silkeormar.
Kjende slekter
Dei sentrale slektene av morbærfamilien er:
|
|
|
|
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads