Morfin

kjemisk sambinding From Wikipedia, the free encyclopedia

Morfin
Remove ads

Morfin er eit alkaloid opioid smertestillande lækjemiddel som kan utvinnast frå opium.[1] Det vert nytta ved sterke smerter og verkar ved hjelp av ein sentral smertestillande effekt.

Thumb
Morfin

CAS-nummer
57-27-2
ATC-nummer
N02A A01
Metabolisme Hovudsakleg i lever ved konjugering med glukuronsyre
Halveringstid Ca. 2-4 timar
Utskiljing Renal
Administrasjonsform Per oral, IV, IM, SC

Stoffet står på WHO si liste over essensielle medisinar, men er også underlagt streng kontroll. Det står på den norske narkotikalista,[2] og på dopinglista til antidopingbyråa WADA og Antidoping Norge.

Remove ads

Historie

Stoffet vart først isolert frå opium mellom 1803 og 1805 av den tyske farmasøyten Friedrich Serturner.[3] Han kalla stoffet Morphium etter Morfevs, ein gresk gud for søvn og draumar.[4][5]

Sertürner og kompani byrja selja morfin i 1817 for smertelindring, og som eit middel mot avhengnad til opium eller alkohol. Selskapet Merck byrja selja stoffet i 1827.[3] Morfin blei meir utbreidd etter at ein utvikla sprøyter til medisinsk bruk i 18531855.[3][4]

Stoffet blei mykje brukt i den amerikanske borgarkrigen, og over 400 000 soldatar[6] skal ha fått «soldatsjukdommen», det vil seia morfinavhengnad.[7] På grunn av den sterke avhengnaden morfin skaper nyttar ein ofte andre smertestillande medikament ved kroniske smertar, medan kortvarig bruk er rekna som tilrådeleg og ikkje vanedannande.

Remove ads

Handelsnamn

Noreg
Utlandet

Danmark: Contalgin, Depolan, Doltard (frå Nycomed), Malfin, Morfin.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads