Mossø

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mossø
Remove ads

Mossø ved Skanderborg er den fjerde største innsjøen i Danmark og den nest største i Jylland, etter Stadil Fjord. Han er ein del av Gudenåsystemet. Sjøen har ei lengd på om lag 10 km og ei breidd på knapt 2 km. Han har eit overflateareal på ca. 16,9 km² og ei maksimal djupne på 22 meter. Innsjøen og områda kring vart freda i 1977.

Thumb
Mossø sett frå sørvest ved Klostermølle; I bakgrunnen er Gammel Rye
Kjappe fakta Land, Kommunar ...

Mossø blei danna under den siste istida, altså for om lag 10 000 år sidan. Djupnemessig er Mossø delt i to basseng – eit lite og grunt i vest og eit stort og særs djupt i aust. Dei to bassenga er skilde av ein grunn tange, som frå Emborg Odde strekker seg nesten heilt over til sørsida. Mossø renn ut i Gudenå nær Klostermølle i vestenden av vatnet.

Sjøen er omgitt av skog, eng og åkerland. På somme stader er det store røyrskogar og myrområde langs breiddene av sjøen.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Mossø


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads