Mota Atma
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mota Atma er det 76. albumet og det 27. filmmusikkalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i april 2003.[2]
Albumet inneheldt musikk til den japansk-amerikanske dokumentarfilmen Mota Atma. Det er ikkje kjend om filmen kom ut offisielt.[2] Musikken er framført av far og son, Edgar og Jerome Froese.[3]
Sporet «Gate of Saturn» vart annonsert på Astoria Theatre i London som ein singel frå albumet, men vart av ukjende årsaker gjeve namnet «Brain Offender» på albumet.[2]
I januar 2007 vart albumet tilgjengeleg i nettbutikken til Tangerine Dream. Medan alle komposisjonane var tilskrivne både Edgar og Jerome Froese i det originale CD-heftet, var alle spora no oppførte med berre Edgar Froese som komponist. I mars 2009 kom albumet ut på ny med eit anna plateomslag.
Remove ads
Innhald
Medverkande
- Edgar Froese - klaverinstrument
- Jerome Froese - klaverinstrument
- Teknisk
- Debbis Miller - lydteknikar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads