Mothermania

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Mothermania (1969), med undertittelen The Best of the Mothers, er eit samlealbum av The Mothers of Invention. Songane var henta frå Freak Out!, Absolutely Free og We're Only in It for the Money, men består av unike miksar og redigeringar som var gjort spesifikt for dette samlealbumet.

Meir informasjon Frank Zappa-kronologi ...
Remove ads

Bakgrunn

Etter kontrakten til The Mothers of Invention med MGM og Verve Records gjekk ut, forhandla Frank Zappa og Herb Cohen og danna eit halvvegs sjølvstendig plateselskap kalla Bizarre Records, medan Verve skulle få gje ut tre Bizarre-utgjevingar distribuert av MGM: eit nytt Mothers of Invention-album, Cruising with Ruben & the Jets og samlealbumet Mothermania, i tillegg til eit album av Sandy Hurvitz, Sandy's Album is Here at Last.[1][2] Mothermania vart førebudd for å hente inn at pengar Verve følte dei hadde tapt på å finansiere Mothers of Invention-albuma Freak Out!, Absolutely Free og We're Only in It for the Money.[3] Frank Zappa førebudde masterbanda for utgjevinga, miksa og sette songane saman, og oversåg innpakkinga.[2][3] Samlealbumet bestod av unike versjon av songane som var samla saman for utgjevinga, inkludert ein usensurert versjon av «Mother People», som tidlegare var komen ut på We're Only in It for the Money i ein sensurert versjon, og ein radikalt annleis miks av «The Idiot Bastard Son».[3][4]

Remove ads

Utgjeving og ettermæle

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Mothermania vart gjeven ut kort tid før utgjevinga av det femte Mothers of Invention-albumet Uncle Meat, noko Frank Zappa meinte vart gjort med vilje av Verve.[3][4] Zappa ville så ikkje vite av samlealbumet etter det kom ut.[3] Allmusic-meldar William Ruhlmann skildra samlealbumet som «overfødig», og gav det tre av fem stjerner.[5] Verve gav sidan ut fleire samlealbum, utan at Zappa var involvert.[3]

Albumet var utilgjengeleg i lang tid, men har sidan blitt offisielt gjeve ut på ny for digital nedlasting sidan 2009[6] og på CD i 2012.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Frank Zappa

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Produksjon

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads