Motherwell

From Wikipedia, the free encyclopedia

Motherwell
Remove ads

Motherwell er administrasjonsbyen i regionen North Lanarkshire i Skottland. Han har kring 30 000 innbyggjarar og ligg mellom Glasgow og Edinburgh.

Kjappe fakta skotsk-gælisk skotsk, Plassering ...

Han var tidlegare den viktigaste byen for den skotske stålindustrien, og vart difor kalla Steelopolis. Utsjånaden til byen blir dominert av eit vasstårn og dei tre kjøletårna på Ravenscraig stålverk, som vart stengt i 1992. Stenginga av stålverket, som hadde eit av dei største produksjonslokala i Skottland, signaliserte slutten for stålindustrien i denne delen av Storbritannia. Ei av årsakene til dette blir sagt å vere at det ikkje var mogleg å få subsidiar frå EU, fordi Skottland som ein del av Storbritannia måtte kjempe med resten av riket om middel som vart overført.

Fotballklubben Motherwell FC vart grunnlagt i 1886. Laget er kjent som Steelmen.

Byen var fram til 1996 administrasjonssenter for distriktet Motherwell.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads