Motkulturen i 1960-åra
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Motkulturen i 1960-åra syner til eit kulturfenomen som var mot etablissementet og dukka først opp i USA, før det spreidde seg til det meste av den vestlege verda mellom byrjinga av 1960-åra og midten av 1970-åra. New York City og San Francisco var arnestaden for den tidlege motkulturaktiviteten. Den samla rørsla skaut fart etter kvart som den amerikanske borgarrettsrørsla voks, og vart revolusjonær då den amerikanske regjeringa vart meir aktiv under Vietnamkrigen.[3][4][5] Utover i 1960-åra oppstod det andre sosiale spaningar vedrørande andre saker, og hadde ein tendens til å flyte langs generasjonslinjene. Desse omhandla seksualitet, kvinnerettar, tradisjonelle styresett, eksperimentering med psykofarmaka og forskjellige tolkingar av den amerikanske draumen.

Etter kvart som tida utvikla seg, oppstod nye kulturelle former og ein dynamisk subkultur som la vekt på eksperimentering, moderne variantar av det bohemske og oppstarten på hippiane og andre alternative levesett. Denne omfamninga av kreativitet er særleg merkbar i musikken til banda i den britiske bølgja som the Beatles, og filmskaparar som vart langt mindre sensurerte enn før. I tillegg til trendsetjarane i Beatles, var det mange andre kreative kunstnarar, forfattarar og tenkjarar som var med på å definere motkulturrørsla.
Fleire faktorar skilde motkulturen i 1960-åra frå dei anti-autoritære rørslene i tidlegare tider. Fødselsbølgja etter andre verdskrigen[6][7] skapte ei eineståande rekkje med potensielt misnøgde unge menneske som potensielt kunne delta i nytenkinga for kva retning det amerikanske og andre demokratiske samfunn skulle ta.[8] Velstanden i etterkrigstida gjorde at generasjonen som voks opp i motkulturen kunne fokusere på andre ting enn det å berre overleve, slik foreldra, som voks opp under den store depresjonen, måtte gjere.[9] Epoken var òg merkverdig ved at ein stor del av rekkja av åtferd og «saker» innafor den større rørsla raskt vart teken opp i storsamfunnet, særleg i USA, sjølv om deltakarane i motkulturen var i klart mindretal i forholdet til folketalet i dei landa dei oppstod i.[10][11]
Motkulturtida starta i røynda for alvor med mordet på John F. Kennedy i november 1963. Dette vart absorbert inn i populærkulturen då Vietnamkrigen enda og USA slutta med verneplikt i 1973, og til slutt med avgangen til president Richard Nixon i august 1974.
Remove ads
Viktige personar
Under er ei liste av folk som var kjende for engasjementet sitt i motkulturen i 1960-åra.
- Muhammad Ali (idrettsmann, militærnektar)
- Saul Alinsky (forfattar, aktivist)
- Richard Alpert (professor, andeleg lærar)
- Bill Ayers (aktivist, professor)
- Joan Baez (musikar, aktivist)
- Sonny Barger (Hells Angel)
- Walter Bowart (avisforleggar)
- Stewart Brand (miljøaktivist, forfattar)
- Lenny Bruce (komikar, samfunnskritikar)
- William S. Burroughs (forfattar)
- George Carlin (komikar, samfunnskritikar)
- Rachel Carson (forfattar, miljøaktivist)
- Neal Cassady (spøkefugl, litterær inspirasjon)
- Cheech & Chong (komikarar, samfunnskritikarar)
- Peter Coyote (Digger, skodespelar)
- David Crosby (musikar)
- Robert Crumb (undergrunnsteikneserieteiknar)
- David Dellinger (pasifist, aktivist)
- Angela Davis (komunist, aktivist)
- Rennie Davis (aktivist, samfunnsorganisator)
- Emile de Antonio (dokumentarfilmskapar)
- Bernardine Dohrn (aktivist)
- Bob Dylan (musikar)
- Daniel Ellsberg (varslar)
- Bob Fass (radiovert)
- Betty Friedan (feminist, forfattar)
- Jane Fonda (skodespelar, aktivist)
- Peter Fonda (skodespelar, aktivist)
- Jerry Garcia (musikar)
- Stephen Gaskin (forfattar, aktivist, hippie)
- Allen Ginsberg (beatpoet, aktivist)
- Dick Gregory (komikar, samfunnskritikar, forfattar, aktivist)
- Paul Goodman (forfattar, poet)
- Wavy Gravy (hippie, aktivist)
- Bill Graham (konsertarrangør)
- Che Guevara (marxistisk geriljaleiar, revolusjonssymbol)
- Alan Haber (aktivist)
- Tom Hayden (aktivist, politikar)
- Hugh Hefner (forleggar)
- Chet Helms (manager, konsertarrangør)
- Jimi Hendrix (musikar)
- Abbie Hoffman («yippie», forfattar)
- Dennis Hopper (skodespelar, regissør)
- Jack Kerouac (forfattar, tidleg motkulturskritikar)
- Ken Kesey (forfattar, spøkefugl)
- Paul Krassner (forfattar)
- William Kunstler (advokat, aktivist)
- Timothy Leary (professor, LSD-fremjar)
- John Lennon & Yoko Ono (musikarar, kunstnarar, aktivistar)
- Charles Manson (massemordar)
- Eugene McCarthy (antikrigspolitikar)
- Michael McClure (poet)
- Terence McKenna (forfattar, fremjar av marihuana, psylocibin, DMT)
- Barry Miles (forfattar, impresario)
- Madalyn Murray O'Hair (ateist, aktivist)
- Jim Morrison (songar, låtskrivar, poet)
- Ralph Nader (forbrukartilhengjar, forfattar)
- Graham Nash (musikar, aktivist)
- Jack Nicholson (manusforfattar, skodespelar)
- Phil Ochs (protestsongar)
- Richard Pryor (komikar, samfunnskritikar)
- Jerry Rubin (Yippie, aktivist)
- Mark Rudd (aktivist)
- Ed Sanders (musikar, aktivist)
- Mario Savio (aktivist)
- John Searle (professor, talefridom)
- Pete Seeger (musikar, aktivist)
- John Sinclair (poet, aktivist)
- Gary Snyder (poet, forfattar, miljøaktivist)
- Smothers Brothers (musikarar, TV-artistar, aktivistar)
- Owsley Stanley (dopkulturkjemikar)
- Gloria Steinem (feminist, forleggar)
- Hunter S. Thompson (journalist, forfattar)
- Kurt Vonnegut (forfattar, pasifist, humanist)
- Andy Warhol (kunstnar)
- Leonard Weinglass (advokat)
- Alan Watts (filosof)
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads