Tuk-tuk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tuk-tuk
Remove ads
Remove ads

Tuk-tuk eller autorickshaw er ein motorisert rickshaw som er ei utbreidd form for transport i fleire land i Asia og Afrika. Tuk-tuken består av ei metallramme av stål eller støypejarn[1] på tre små hjul (eitt framme og to bak), eit sete for sjåføren framme og eit sete for tre passasjerar bak.

Thumb
Tuk-tukar i Chiang Mai som fraktar kundar til kveldsmarknaden.

Ein tuk-tuk er normalt utstyrt med ein motorsykkelversjon av ein to-taktars motor med same styret som på ein motorsykkel. Transportmiddelet har fått namnet sitt etter den karakteristiske lyden motoren lagar. Tuk-tuk er eit effektivt transportmiddel, særleg i tung trafikk.

Ein tuk-tuk er å sjå i filmen The Beach med Leonardo DiCaprio. Ong Bak med Tony Jaa har ei biljakt-scene med fleire tuk-tukar. Tuk-tukar har også ei rolle i Playstation 2-spelet Stuntman. Under finalen i Miss Universe 2005 i Bangkok vart Nancy O'Dell frakta på scena i ein tuk-tuk.

Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads