Stål
legering av jern (og karbon) From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Stål er ei legering med jarn og karbon som dei viktigaste elementa. Det er eit sterkt metall med mange bruksområde, som konstruksjon og i reiskapar og våpen. I Noreg blir det produsert stål i Mo i Rana og på Jørpeland.

- Sjå òg namnet Stål

Oppbygging
Den klassiske definisjonen er at stål er jern-karbon-legeringar med opp til 2,1 prosent karbon. Karbonet, som legg seg mellom jernatoma i krystallgitteret, hindrar desse i å skli frå kvarandre. Karbonatoma vil også påverka fasetransformasjonane i metallet, slik at stålet blir meir herdbart.
Mengda av karbon i legeringa bestemmer kva eigenskapar stålet får. Stål med høgt karboninnhald kan gjerast sterkare og hardare enn jern, men blir òg sprøare.
Remove ads
Typar
Det finst fleire typar stål, dei mest vanlege er:
- Rustfritt stål
- Høgfast stål
- Verktøystål
- Støypestål
Når karboninnhaldet i jern er høgare enn 2,1% blir legeringa kalla støypejern.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads