Mount Edgell
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mount Edgell er eit fjell, 1675 meter over havet, som stig austover frå Cape Jeremy, austsida av det nordlege innløpet til George VI Sound, på vestkysten av Den antarktiske halvøya. Det vart oppdaga av Den franske antarktisekspedisjonen i 1908–10 under Jean-Baptiste Charcot. Charcot såg det først frå stor avstand og trudde det kunne vere ei øy, som han gav namnet «Ile Gordon Bennett» etter James Gordon Bennett Jr. frå New York Herald, som støtta ekspedisjonen økonomisk. British Graham Land Expedition under Rymill kartla området i 1936–37 og fann ikkje noko øy. Dei gav namnet Mount Edgell til fjellet som Charcot såg, etter sir John Augustine Edgell, hydrograf i British Navy frå 1932–45.[1]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads