Mount Egbert
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mount Egbert er eit hovudsakleg isdekt fjell, 2895 moh, 8 nautiske mil sør-søraust for Mount Stephenson i Douglas Range på Aleksanderøya i Antarktis. Det vart truleg først sett i 1909 av Den franske antarktisekspedisjonen under Jean-Baptiste Charcot, men vart ikkje rekna som ein del av Aleksanderøya. Det vart kartlagd i 1936 av British Graham Land Expedition under Rymill, så kartlagd på ny i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey, som namngav fjellet etter Egbert, ein saksisk konge av England på 800-talet.[1] Mount Egbert er det nest høgaste fjellet på Aleksanderøya, etter Mount Stephenson.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads