Mount Hassel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mount Hassel
Remove ads

Mount Hassel er eit fjell på 2390 moh. og den nordaustlegaste toppen i massivet ved toppen av Amundsenbreen i Dronning Maudfjella i Antarktis. I november 1911 vart fleire fjell i dette området observert og grovt plassert på kartet av Roald Amundsen og laget hans på veg til Sørpolen. Amundsen kalla eit av dei opp etter Sverre Hassel, eit medlem av gruppa. Fjellet vart kartlagd av US Geological Survey frå landmålingar og flyfotografi frå U.S. Navy, 1960–64. For å bevare namnet i området og til minne om den norske utforskinga av området, valde Advisory Committee on Antarctic Names ut dette fjellet for namnet Mount Hassel. Andre fjelltoppar i massivet er kalla opp etter andre medlemmar av gruppa som følgde Amundsen til Sørpolen.[1]

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads