Mozambique av Bob Dylan

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Mozambique» er ein song skriven av Bob Dylan og Jacques Levy og gjeven ut i 1976 på albumet Desire. Han vart òg gjeven ut på singel og nådde 54. plassen på Billboard Hot 100.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Bakgrunn

Då songen kom ut hadde landet Mosambikk nettopp kome ut av ein ti år lang krig mot Portugal som førte til at Mosambikk fekk sjølvstende.[1][2] Mosambikk vart sjølvstendig den 25. juni 1975, berre ein månad før songen vart spelt inn.[3] Som følgje av dette såg somme støttespelarar songen som støtte til det nye landet.[1] Teksten i songen støttar derimot ikkje ei slik tolking, og omtalar berre landet som ein stad for ein romantisk ferie i sola, utanom ein liten referanse til «folket som lever fritt».[1] Dette mora fansen til Dylan som forstod satiren.[2]

Eit konsertopptak av songen vart sendt på fjernsynsutgåva av Hard Rain, men kom ikkje med på albumet.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads