Moçâmedes

From Wikipedia, the free encyclopedia

Moçâmedes
Remove ads

Moçâmedes er ein by sørvest i Angola, og hovudstad i Namibe-provinsen. Byen har 255.000 innbyggjarar (folketeljing 2014).[1] Byen blei grunnlagd i 1840 av dei portugisiske kolonistyresmaktene, og var kjend som Namibe mellom 1985 og 2016. Moçâmedes har eit kjølig, tørt klima og ørkenvegetasjon, ettersom han ligg nær Namibørkenen.

Kjappe fakta Land, Areal ...
Remove ads

Historie

Thumb
Moçâmedes i 1908.
Thumb
Portugisisk kolonialarkitektur i det historiske sentrumet av Moçâmedes.
Thumb
Provinsadministrasjonen i Namibe.

Dei fyrste portugisarane utforska området i 1785. Luís Cândido Cordeiro Pinheiro Furtado gjorde krav på det for Portugal, etter å ha vore sendt dit i fregatten «Loanda» av den dåverande generalguvernøren i Angola, baron Moçâmedes (portugisisk Barão de Mossâmedes), som òg sende ein ekspedisjon over land under leiing av Gregório José Mendes for å møta Furtado. Dei endra namnet på bukta til Moçâmedes til ære for baronen.

I 1839 sende den dåverande generalguvernøren i Angola, Admiral Noronha, ein ny ekspedisjon for å undertrykka dei lokale høvdingane og gjera dei til vasallar av Portugal.

Moçâmedes blei offisielt grunnlagd i 1840 av dei portugisiske kolonistyresmaktene i ei bukt som portugisarar opphavleg kalla Angra do Negro etter ordre frå den portugisisk statsministeren, Greven av Bonfim, som òg var leiar for kolonidepartementet i Portugal.[2]

I 1840 blei det skipa ein fabrikk og i juli same året blei det reist ein festning ved Ponta Negra. Området blei stort sett kolonisert av portugisiske nygbyggjarar frå Madeira og Brasil; på 1850-talet støtta den portugisiske regjeringa òg overfart og økonomisk hjelp til ei mengd tyske kolonistar.[3]

Byen voks til som fiskehamn. på 1960-talet hadde hamna 143 fiskebåtar og fleire fiskeforedlingsverksemder. Hamna blei snart rekna saman med andre viktige fiskehamner som Luanda, Benguela og Lobito.

Om lag 200 km frå Moçâmedes skipa dei portugisiske styresmaktene Iona nasjonalpark, den eldste og største nasjonalparken i Angola. Han blei utropt til reservat i 1937 og oppgradert til nasjonalpark på 15 150 km² i 1964. 

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads