Mpeketoni

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Mpeketoni er ein by i Lamu-distriktet i Kystprovinsen i Kenya. I 1999 hadde han ca. 25 000 innbyggjarar.

Byen ligg på fastlandet nær øya Lamu, som er eit kjent turistmål.[1] Han ligg rundt 22 mil nordaust for storbyen Mombasa.[2]

Mpeketoni blei grunnlagd som Lake Kenyatta Settlement Scheme på 1970-talet av president Jomo Kenyatta. Rundt 30 000 kikuyufolk frå sentrale Kenya blei busette her. Grunnlegginga førte til at mange lokale innbyggjarar mista landområda sine. Det har vore etniske gnissingar her, som mellom anna førte til samanstøytar i 2013.[2]

16. juni 2014 blei byen utsett for ei rekkje terroråtak frå den somaliske islamistgruppa al-Shabaab. Minst 48 menneske blei drepne. Åtaket skal ha vore ein hemn for at kenynaske styrkar hadde hjelpt styresmaktene i Somalia i kampen mot al-Shabaab, og for drap på muslimar.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads