Mr. Bad Guy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mr. Bad Guy er det første soloalbumet til Queen-songaren Freddie Mercury. Albumet kom ut i 1985 i ei tid då Queen tok ein pause i studio. Det inneheld elleve songar, alle skrivne av Mercury. Albumet vart dedisert til «katten min Jerry—og Tom, Oscar og Tiffany, og alle katteelskarar i universet - alle andre kan dra til helvete».[4]
Musikken på albumet er inspirert av disco og dansemusikk. Det skilde seg frå typiske Queen-album, som var meir rockeprega. Albumet tok nesten to år å spele inn, sidan Mercury måtte samle nok songar, samstundes som han var oppteken med bandet.[3] I starten var det meininga at albumet skulle ha med duettar mellom Mercury og Michael Jackson. Dei spelte inn «There Must Be More to Life Than This», men Mercury avslutta samarbeidet då han syns det ukomfortabelt å arbeide medan lamaen til Jackson var i studio.[5] Innspelinga var krevjande for Mercury sidan han tok del i alt frå innspelinga til å vere lydteknikar for å få den ønska effekten. Mercury brukte syntheziserar og orkestrerte kvart spor.[6][7]
Songen «Living on My Own» vart gjeven ut på ny i 1993 i ein remixa versjon av No More Brothers, medan «I Was Born to Love You» og «Made in Heaven» seinare vart omarbeidde av dei tre attverande Queen-medlemmane og gjevne ut på Made in Heaven. Albumet til Mercury skulle opphavleg heite Made in Heaven.[8]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Freddie Mercury
Remove ads
Medverkande
- Freddie Mercury – vokal, piano, synthesiser
- Fred Mandel – meir piano, synthesiser, gitar
- Paul Vincent – sologitar
- Curt Cress – trommer
- Stephan Wissnet – bassgitar
- Jo Burt – bandlaus bass på «Man Made Paradise»
- Rainer Pietsch – arrangement for «Mr. Bad Guy»
- Mack og Stephan Wissnet – Fairlight CMI, trommeprogrammering
- Mack, assisted by Stephan Wissnet – lydteknikar
- The Artful Dodger – plateomslag
- A. Sawa – fotografi
Remove ads
Lister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads