Mtskheta

From Wikipedia, the free encyclopedia

Mtskhetamap
Remove ads

Mtskheta (georgisk მცხეთა) er ein by i Georgia som ligg om lag 20 kilometer nordvest for Tbilisi. Han er administrasjonssentrum i regionen Mtskheta-Mtianeti. Dei historiske bygningane i Mtskheta står på UNESCO si liste over verdsarv.

Kjappe fakta Mtskheta მცხეთა, Land ...
Kjappe fakta Land, Kriterium: ...

Dei eldste arkeologiske funna i byen er datert til før 1000 f.Kr., og han er dermed ein av dei eldste byane i Georgia. Mtskheta var hovudstad i det gamle kongedømet Kartli frå 2000-taletf.Kr. til 400-talet e.Kr. I 337 blei kristendommen utropt til den offisielle religionen i landet her, og den georgiske kyrkja har framleis hovudsete i Mtskheta.[2]

Svetitskhoveli-katedralen i Mtskheta er den viktigaste kyrkja i Georgia. På ei høgd nær byen ligg Jvari-klosteret, som er eit anna viktig døme på tidleg georgisk arkitektur.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads