Multan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Multan er ein by i Panjab i Pakistan. Han ligg nær elva Chenab, 310 km sørvest for Lahore. Multan hadde 1 192 400 innbyggjarar i 1998 og anslått 1,4 millionar i 2005. Han er eit viktig handelssenter med framstilling av bomull-, ull- og metallvarer, gjødsel og glas. Universitetet i Multan er frå 1975.

Historia til Multan kan førast tilbake til 300-talet f.Kr., då byen blei erobra av Aleksander den store. I 712 blei han erobra av det arabiske muslimske riket. I fleire hundreår var Multan ein muslimsk utpost i India. Byen blei erobra av sikhleiaren Ranjit Singh i 181, og av britane i 1849.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads