Multefamilien

fiskefamilie From Wikipedia, the free encyclopedia

Multefamilien
Remove ads

Multefamilien (Mugilidae) er ei gruppe strålefinnefiskar i ordenen Perciformes. Han omfattar rundt 80 artar, fleire av dei viktige matfiskar. Familien har kosmopolitisk utbreiing med fiskar i kyststrok både i tropiske og tempererte hav og ein del i ferskatn.

Thumb
Springmultar i Middelhavet
Thumb
Multar sym ofte rett under vasskorpa, som desse gullmultaneneTenerife
«multe» omdirigerer hit. For bæret, sjå molte.
Kjappe fakta

Multar har lakseliknande kropp, store skjel og liten munn. Dei har to korte ryggfinnar, den fremste med fire piggstråler.[1]

Dei er stimfiskar som lever av algar, kiselalgar og detritus. Multar er utbreidde i alle tropiske og tempererte hav, og tre artar finst i norske farvatn. Dei lever hovudsakleg i kystfarvatn og brakkvatn, men nokre vandrar opp i ferskvatn. Liza abu er stasjonær i ferskvatn.

Remove ads

Nokre artar

  • tjukkleppa multe (ganske vanleg i Sør-Noreg)
  • gullmulte (sjeldan gjest i Noreg)
  • tynnleppa multe (sjeldan gjest i Noreg)
  • springmulte
  • ekte multe
  • leppemulte
  • Liza abu
  • Liza haematocheila

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads