Trommehinnemuskel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Trommehinnemuskel
Remove ads

Trommehinnemuskelen (latin: musculus tensor tympani) er ein muskel i midtpartiet av øyret. Den ligg i knokkelkanalen over knokkeldelen av øyretrompeten. Oppgåva til muskelen er å dempe lydar, til dømes dei som kjem frå tygging.

Thumb
Høgre trommehinne med hammaren og chorda tympani sett frå innsida, bakfrå og ovanfrå.
Thumb
Den mediale veggen og delar av dei bakre and fremre veggane i høgre trommehole. Lateral visning. Trommehinnemuskelen er merkt til høgre, nummer to frå botn.
Thumb
Insersjon av trommehinnemuskelen på hammaren. (AA') to fibrøse kollagenlag; (B) overhud; (C) slimhinne; (D) hammarhovudet; (E) ambolten; (F) stigbøyelen; (G) trommehinnemuskelen; (H) lateral apofyse av hammaren; (I) hammarskaftet; (J) stigbøyelmuskelen.
Remove ads

Struktur

Trommehinnemuskelen oppstår frå bruskdelen av øyretrompeten, den tilstøytande delen av ala major ossis sphenoidalis, og den beinete kanalen der den ligg. Den går bakover gjennom kanalen og endar i ei slank sene som går inn i trommehola, der den dannar ein skarp sving rundt ytterpunktet av skiljeveggen, processus cochleariformis, og har insersjon i hammarskaftet, i nærleiken av rota.[1]

Muskelen er den største av dei to musklane i trommehola, og den andre er stigbøyelmuskelen.

Innervasjon

Innervasjonen av trommehinnemuskelen kjem frå nervus musculi tensoris tympani, ei forgreining av underkjevedelen av trillingnerva.[1] Muskelen er innervert av motoriske nervefibrar frå trillingnerva, og får dimed ingen nervefibrar frå ganglion trigeminale, som berre har sensoriske nervefibrar.

Utvikling

Trommehinnemuskelen utviklar seg frå mesoderm i den fyrste gjellebogen.[2]

Remove ads

Funksjon

Trommehinnemuskelen jobbar med å dempe lyden frå tygging. Når muskelen er spent, dreg den hammaren medialt og strammar trommehinna for å dempe vibrasjon i høyreknoklane, slik at det oppstår ein reduksjon i oppfatninga av amplituden i lyd.[1]

Friviljug kontroll

Samantrekking av musklar produserer vibrasjon og lyd.[3] Langsame fibrar produserer mellom 10 og 30 samantrekkingar kvart sekund, tilsvarande ein lydfrekvens på 10 til 30 Hz. Snøgge fibrar produserer mellom 30 og 70 samantrekkingar kvart sekund, tilsvarande ein lydfrekvens på 30 til 70 Hz. Vibrasjonen kan enkelt merkast ved å stramme ein muskel, til dømes ved å knyte neven hardt. Lyden kan høyrast ved å legge den samantrekte muskelen inntil øyret; knytneven er eit godt døme. Lyden kan skildrast som ein buldrande lyd. Mange kan lage denne lyden friviljug ved å stramme trommehinnemuskelen i melløyret. Buldrelyden kan òg høyrast når nakke- eller kjevemusklane er spente, til dømes ved djup geisping. Dette fenomenet har vore kjent sidan minst 1884.[4]

Ufriviljug kontroll

Tensor tympanirefleks

Tensor tympanirefleksen førebyggjer skade i det indre øyret ved å dempe overføringa av vibrasjonar frå trommehinna til det ovale vindauget. Refleksen har ei responstid på 40 millisekund og er dimed ikkje snøgg nok til å verne øyret mot bråe lydar, til dømes frå eksplosjon eller våpenskot. Refleksen utvikla seg truleg for å verne tidlege menneske mot tordenklapp, som oppstår mykje seinare.[5] Refleksen verkar ved å trekke saman musklane i det indre øyret, nemleg trommehinnemuskelen og stigbøylemuskelen. Samantrekkinga fører til at hammarskaftet blir dratt innover og stramma. Denne stramminga hindrar vibrasjonar i å forstyrre perilymfen.[6]

Remove ads

Klinisk relevans

Hjå mange personar med hyperakusi oppstår det auka aktivitet i trommehinnemuskelen som del av ein sjokkrespons til visse lydar. Denne nedsette refleksterskelen for samantrekking blir aktivert av oppfatninga eller forventinga av høg lyd, og blir kalla tonic tensor tympani syndrome (TTTS). Hjå nokre personar med hyperakusi kan trommehinnemuskelen trekke seg saman berre ved å tenke på ein høg lyd. Ved eksponering for veldig høge lydar vil trommehinnemuskelen trekke seg saman for å stramme trommehinna, og dette kan føre til ei kjensle av smerte, flagring eller fullskap i øyret.[7]

Fleire bilete

Sjå òg

Denne artikkelen nyttar anatomisk terminologi. For ei oversikt, sjå anatomisk terminologi.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads