Musea i Sogn og Fjordane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Musea i Sogn og Fjordane vart stifta 14. januar 2009 og er ei konsolidering av følgjande museum: Kystmuseet, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum og Norsk Kvernsteinsenter (frå 1.1.2013). Musea held fram som likeverdige avdelingar med eigne namn i den konsoliderte museumseininga. Dei tidlegare eigarane av musea har overdratt det faglege, administrative og økonomiske ansvaret til det nye museet. Fellesadministrasjonen held til på Sandane.[1] Direktør for museet er Guri Våge Mossige.[2]
Samlingane til Musea i Sogn og Fjordane er delvis digitalisert. Det betyr at ein kan hente opplysningar om kring 11500 gjenstandar på nettsida til DigitaltMuseum.[3]
Remove ads
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads