Music for Civic Recovery Centre
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Music for Civic Recovery Centre er eit ambient installasjonsalbum av den britiske musikaren Brian Eno, som kom ut i 2000.
Musikken frå albumet er henta frå ein installasjon, eit show med musikk og visuell kunst, som fann stad ved Sonic Boom exhibition i Hayward Gallery i London i april-juni 2000. Over 30 andre kunstnarar deltok på hendinga som vart leia av David Toop.
Delar av Eno sin Quiet Club-serie av installasjonar kombinerte 12 lydelement med 10 visuelle lysskulpturar som generative element.
Albumet inneheld berre eitt spor, som er basert på og i røynda ein lang remix av sporet «Ikebukuro» frå The Shutov Assembly frå 1992 og «Kites II» & «Kites III» frå albumet Kite Stories frå 1999.
Remove ads
Innhald
- «The Quiet Club» - 44:50
Medverkande
- Musikk: Brian Eno
- Stemme: Kyoko Inatome
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Music for Civic Recovery Centre» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads