Musikkby
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Musikkby er eit omgrep innanfor UNESCO-programmet Unesco Creative Cities Network som blei lansert i 2004 for å fremja samarbeid mellom byar som nyttar kreativitet som ein viktig faktor for byutviklinga si.
UNESCO utnemner musikkbyar. Ved årsskiftet 2018/2019 var det 30 musikkbyar i 23 land.
Kriterium for musikkbyar
- å vera eit anerkjent sentrum for musikkskaparånd og -utøving
- å vera vert for musikkfestivalar og andre musikktilstellingar for innanlandsk og utanlandsk musikk
- å fremja musikkindustri av ulike slag
- å ha musikkskular på ulike nivå
- å ha uformell musikkaktivitet, som amatørkor og -orkester
- å ha offentlege plassar for utøving av og lytting til musikk, til dømes friluftsauditorium
Utnemnde musikkbyar
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Musikstad» frå Wikipedia på svensk, den 19. oktober 2024.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads