Katowice

From Wikipedia, the free encyclopedia

Katowice
Remove ads

Katowice (tysk Kattowitz, tsjekkisk Katovice) er ein industriby i Schlesien i Polen, om lag 70 km. nordvest for Kraków. Han har om lag 320 000 innbyggjarar. Byen ligg sør i Polen ved elvane Kłodnica og Rawa. Katowice ligg i Det schlesiske høglandet, om lag 50 km frå Dei schlesiske Beskidane (ein del av Karpatane) og om lag 100 km frå Sudetane.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Katowice har vore hovudstad i Schlesiske voivodskap sidan 1999. Tidlegare var han hovudstad i Katowice-voivodskapet og før det igjen i Det autonome schlesiske voivodskapet. Katowice er den største byen i det øvre schlesiske indistruområdet og det sentrale Øvre Schlesiske Storbyområde, som inneheld 3,5 millionar innbyggjarar.

Remove ads

Historie

Den dåverande preussiske byen fekk byrettar i 1865, og høyrde til landkrinsen Beuthen i regjeringsdistriktet Oppeln. I 1873 vart den sete for den nye landkretsen Kattowitz og vart i 1899 ein eigen bykrins. Sjølv om fleirtalet i byen (85 %) røysta for å framleis vere tysk ved folkerøystinga 21. mars 1921 vart byen innlemma i Polen. Den vart igjen innlemma i Tyskland i 1939 og på nytt innlemma i Polen i 1945. Mesteparten av den tyske folkesetnaden vart då brutalt fordrive. Mellom 1953 og 1956 vart byen kalla Stalinogród («Stalinbyen»).

Thumb
Wyspianski-teateret i Katowice.

Byen har etter Opole (Oppeln) den største tyske minoriteten i dagens Polen.

Remove ads

Personar

  • Willy Fritsch (f. 1901), tysk skodespelar
  • Georg Thomalla (f. 1915), tysk skodespelar
  • Hanna Schygulla (f. 1943), tysk skodespelar
  • Henryk M. Broder (f. 1946), polsk journalist
  • Dariusz Wosz (f. 1969), polsk fotballspelar
  • Maria Goeppert-Mayer, tysk fysikar og nobelprisvinnar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads