Musikkgruppa Alcazar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Musikkgruppa Alcazar
Remove ads

Alcazar var ei svensk eurodancegruppe som har etablert seg som ei av dei mest suksessrike musikkgruppene i Sverige med ei rekkje hittar sida debutsingelen i 1999.[treng kjelde] Gruppa har seld over 12 millionar plater verda over mellom 2001 og 2004.[treng kjelde] Alcaza hadde òg suksess verda over med songen «Crying at the Discoteque», etter å ha vorte lista i USA, Brasil, Australia, Japan og dei fleste landa i Europa.[treng kjelde] Etter ein konsert på Stockholm Pride i august 2011 vart gruppa oppløyst.[1]

Kjappe fakta Opphav, Aktiv ...
Remove ads

Eurovision Song Contest

Alcazar har delteke fire gonger i Melodifestivalen, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest. Magnus Carlsson har òg delteke i Melodifestivalen i 2000, 2001, 2002, 2006 og 2007. I 2006 representerte Andreas Lundstedt, då ein del av gruppa six4one, Sveits i Eurovision Song Contest med songen «If We All Give A Little». Six4one enda på 17. plass med 30 poeng i finalen.

Melodifestivalen 2003

Alcazar vart vald ut til å delta i den andre semifinalen i Melodifestivalen 2003 med songen «Not a Sinner Nor a Saint». Gruppa enda på tredjeplass og gjekk vidare til andresjansen. Dei vann andresjansen og fekk ein plass i finalen. I finalen enda gruppa på tredjeplass og fekk ikkje representere Sverige i Eurovision Song Contest 2003, men songen vart lista som #1 i Sverige og selde til gull.

Eurovision: Making Your Mind Up

I 2005 vart Alcazar tildelt ein plass i Eurovision: Making Your Mind Up, den britiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2005 i Kiev i Ukraina, men takka nei til å delta.

Melodifestivalen 2005

I staden for å delta i den britiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2005 deltok dei heller i den svenske uttakinga, Melodifestivalen 2005. Med songen «Alcastar» gjekk deltok gruppa i den fyrste semifinalen og gjekk vidare til andresjansen. Dei vann andresjansen og gjekk vidare til finalen. I finalen enda dei på tredjeplass og fekk heller ikkje då representere Sverige i Eurovision Song Contest. Songen vart likevel ein hit og vart den andre singelen deira som vart lista som #1 i Sverige.

Melodifestivalen 2009

Alcazar deltok i den fyrste semifinalen i Melodifestivalen 2009 med songen «Stay the Night». Dei enda på andreplass og gjekk direkte vidare til finalen for fyrste gong. I finalen enda dei på femteplass og fekk ikkje representere Sverige i Eurovision Song Contest. Songen vart #2 i Sverige og gav Alcazar endå ein Topp 10-singel i Sverige.

Melodifestivalen 2010

I den tredje semifinalen i Melodifestivalen 2010 deltok gruppa med songen «Headlines». Dei enda på fjerdeplass og gjekk vidare til andresjansen. Gruppa vart slått ut i andresjansen og fekk ikkje representere Sverige i Eurovision Song Contest.

Melodifestivalen 2013

Under den fjerde semifinalen i Melodifestivalen 2013 gjorde Alcazar eit førebels comeback. Saman med Danny Saucedo framførte dei «Stay the Night», «Alcastar» og «Not A Sinner Nor A Saint» i pausen.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads