Muskatnøttre

From Wikipedia, the free encyclopedia

Muskatnøttre
Remove ads

Muskatnøttre[a] (Myristica fragrans) er eit tre i muskatnøttfamilien, og er kjent for frukta si som blir brukt til krydder og parfyme.[2] Ein får muskat eller muskatnøtt frå frøkjernen og muskatblome frå frøkappa.

Thumb
Muskatfrukt på treet.
Kjappe fakta

Muskatnøtt-treet kjem frå Molukkane og blei tidlegare nesten berre dyrka på Bandaøyane. I dag blir treet dyrka i alle tropiske område, særleg i Søraust-Asia og Karibia. Slekta Myristica omfattar ca. 100 artar, dei fleste i tropisk Asia. Muskatnøttfamilien er i nær slekt med laurbærfamilien.[2]

Remove ads

Skildring

Thumb
Frisk frukt og kjene.

Treet kan bli 6–18 meter høgt.[3] Det er eviggrønt og har einkjønna blomar — hannblomane sit på eitt tre og hoblomane på eit anna. Frukta er stor og pæreforma med eit tjukt, kjøtfullt lag kring det valnøttstore frøet. Ved mogning sprekkjer det kjøtfulle laget i to, og frøet kjem til syne. Det er omgjeve av ei raud, flika frøkappe som blir raudgul eller raudbrun når ho tørker, og utgjer muskatblome eller macis. Frøskalet innanfor frøkappa omsluttar frøkjernen, som blir kalla muskatnøtt.

Eteriske oljer der myristisin er den viktigaste gjev muskatblome og muskatnøtt ei sterk aromatisk lukt og skarp brennande smak.[2]

Remove ads

Bruk

Eteriske oljer og lukt

Ein kan vinna ut eteriske oljer frå frøet, medan frøkappe, bork, blomar og blad kan brukast til å gje lukt til såper og parfyme.[4]

Matlaging

Innan indonesisk matlaging bruker ein muskatnøtt i ei rekkje retter,[5] særleg i krydra supper som soto, konro,[6] oksehalesuppe, sup iga, bakso og sup kambing. Det blir også brukt i sausen til kjøtretter som semur og europeisk-inspirerte retter som bistik (beef steak), rolade og bistik lidah. Muskatblome har ein mildare smak enn muskatnøtt, og blir ofte brukt i dessertar. Fruktkjøtet frå muskatfrukta blir brukt til å laga søtsaker (manisan) i Indonesia. Ho kan etast våt i ein søt sirupsaus, eller tørka og dekt av sukker i dessertar som manisan pala. Det kan også malast rått til jus eller kokast til ei brunare, søtare saft.

Innan indisk mat bruker ein muskatnøtt både i søte og salte retter, særleg i mughlaimat. Krydderet kan også inngå i små mengder i krydderblandinga garam masala. Malen muskatnøtt kan også røykast i India.[7] I Malabar-regionen i India blir fruktkjøtet brukt til jus, pickle og chutney.[7]

I europeisk matlaging har ein tradisjonelt brukt muskatnøtt til å krydra kaker og muskatblome i salte retter. Muskatblome var gjævare enn muskatnøtt i mellomalderen.[8] Det er mellom anna vanleg å bruka muskatnøtt i kjøtkaker.[9]

Botemiddel

Hildegard av Bingen skreiv om muskatnøtt på 1100-talet og gav nøtta stor verdi som middel mot ulike sjukdommar. Å få nøtta i gåve på nyårsdagen og deretter ha henne i lomma skulle verna mot beinbrot, hemoroidar, skarlaksfeber og byllar i milten.[10] På 1600-talet herja pesten i Europa, og muskattnøtt blei sett på som det einaste sikre botemiddelet mot sjukdommen. Dette bidrog til at muskat blei ei særs ettertrakta importvare.[11]

Remove ads

Merknadar

  1. eller «muskatnøtt-tre»[1]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads