Muskogeanske språk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Muskogeanske språk
Remove ads

Muskogeanske språk eller muskogee-språk er ein språkfamilie frå det søraustlege USA. Det er debatt om den indre inndelinga av familien, men han vert oftast delt opp i austmuskogeansk og vestmuskogeansk. Språka er agglutinerande språk.

Kjappe fakta

Genetisk slektskap

Familieinndeling

Språkfamilien består av seks språk som enno vert brukt: alabama, chickasaw, choctaw, creek-seminole, koasati og mikasuki; og dessutan dei no utdøydde apalachee og hitchiti (som ofte vert ansa som ein dialekt av mikasuki).[1] Dei større inndelingane av familien har lenge vore omdiskutert, men dei mindre grupperingane er universelt akseptert: choctaw-chickasaw, alabama-koasati, hitchiti-mikasuki og creek-seminole.[2][3][4] Fordi apalachee er utdøydd er den presise slektskapen dets til dei andre språka uklar, men både Mary Haas og Pamela Munro reknar det som ein del av alabama-koasati-gruppa.[5]

Haas' klassifisering

Den tradisjonelle klassifiseringa av språkfamilien er den som er foreslått av Mary Haas og studentane hennar, der vestmuskogeansk (choctaw-chickasaw) er éi stor grein, og austmuskogeansk (alabama-koasati, hitchiti-mikasuki og creek-seminole) er ei anna. Innan østmuskogeansk vert alabama-koasati og hitchiti-mikasuki sett på som nærare beslekta med kvarandre enn med creek-seminole.[6] Denne klassifiseringa er reflektert i lista nedanfor:[7][8]

I. Vestmuskogeanske språk
1. Chickasaw
2. Choctaw (chahta, chacato)
II. Austmuskogeanske språk
A. Sentralmuskogeanske språk
i. Apalachee-alabama-koasati
a. Alabama-koasati
3. Alabama (alibamu)
4. Koasati (coushatta)
b. Apalachee
5. Apalachee (†)
ii. Hitchiti-mikasuki
6. Hitchiti-mikasuki (miccosukee)
B. Creek-seminole
7. Creek-seminole (muskogee, maskoke, seminole)

Munros klassifisering

Ein nyare og meir kontroversiell klassifisering har vorte foreslått av Pamela Munro. I denne vert språka delt inn i sørmuskogeansk (choctaw-chickasaw, alabama-koasati og hitchiti-mikasuki) og nordmuskogeansk (creek-seminole). Sørmuskogeansk vert delt inn i hitchiti-seminole og sørvestmuskogeansk (alabama-koasati og choctaw-chickasaw).[6] Denne klassifiseringa reflekterast i lista nedanfor:[9]

I. Nordmuskogeanske språk
1. Creek-seminole
II. Sørmuskogeanske språk
A. Sørvestmuskogeanske språk
i. Apalachee
2. Apalachee (†)
ii. Alabama-koasati
3. Alabama
4. Koasati
iii. Vestmuskogeansk (choctaw-chickasaw)
5. Choctaw
6. Chickasaw
B. Hitchiti-mikasuki
7. Hitchiti-mikasuki

Kimballs klassifisering

Geoffrey Kimball har ei tredje klassifisering, der språkfamilien vert delt i tre større grupper, nemleg vestmuskogeansk (choctaw-chickasaw), austmuskogeansk (creek-seminole) og sentralmuskogeansk (alabama-koasati og hitchiti-mikasuki).[10] Kimballs klassifisering har likevel ikkje fått like mykje støtte som Haas' og Munros klassifiseringer.[11]

Breiare slektstilhøve

Mogleg muskogeanske språk

Fleire dårleg attesterte språk har vorte hevda å vera muskogeanske språk. George Broadwell foreslår at språka til yamasee- og gualestammene var muskogeanske.[12][13] William Sturtevant har likevel argumentert for at dataa for yamasee og guale eigenleg var frå creek, og at språka som vart snakka av yamasee og guale enno er ukjende.[14] Det er mogleg at yamaseestammen var ei blanding av fleire ulike grupper, og at dei ikkje hadde eitt enkelt språk. Chester B. DePratter skildrar yamaseene som hitchiti- og gualetalere.[15] Historikaren Steven Oatis skildrar òg yamaseene som ei etnisk blanda gruppe som bestod av folk frå muskogeansktalende område som dei tidlege byane Hitchiti, Coweta og Cussita.[16]

Pensacola- og chatotfolka vert sagt å ha talt same språk, som kan ha vore i nær slekt med choctaw.[17][18][19]

Golfhypotesen

Den mest kjende koblinga mellom muskogeanske språk og andre levande språk er Mary Haas' golfhypotese, der ho foreslo ein makrofamilie beståande av muskogeansk og ei rekkje isolerte språk i søraustlege USA: atakapa, chitimacha, tunica og natchez. Golfhypotesen er velkjend, men vert i dag avvist for det meste av historiske lingvistar.[12][20] Fleire muskogeanskforskere trur likevel enno at natchez er i slekt med muskogeansk.[21]

Remove ads

Språktrekk

Fonologi

Urmuskogeansk er rekonstruert til å ha følgjande konsonantar:[22]

Meir informasjon Labial, Alveolar ...

/f/onema re/k/onstruert av Mary Haas som /x/ og //x/ʷ/ dukkar o/p/p som //h// og /f/ (eller /x/) i alle muskogeanske språk, og vert difor rekonstruert av nokon som /h/ og /x/. //kʷ// finst som //b// i alle språka utanom creek, der han vert realisert som /k/ i byrjinga av ord og /p/ i midten av ord.[9][23][24][25] Lydverdie/n/ til det rekonstruerte fonemet som vert skrive <θ> er ukjent; det dukkar opp som /n/ i vestmuskogeanske språk og //ɬ// i austmuskogeanske språk.[26] Mary Haas reko/n/struerte det som ein ustemt /n/ (//n̥//), delvis basert på hypotesar om kognatar i natchez.[9][27]

Substantiv

Dei fleste språka har ordaksent på substantiv, og dessutan kasus som skil nominativ frå oblik. Substantiv må ikkje bøyast i kjønn eller tal.

Verb

Muskogeanske verb har eit komplekst avlydssystem der verbstammen endrar seg avhengig av aspekt, og av og til òg avhengig av tid og modus. I muskogeansk språkforsking vert dei ulike formene kalla «grader».

Verb er markert for første og andre person, og dessutan agens  og patiens (choctaw markerer òg for dativ). Tredje person har ein tom markør.

Fleirtal for ein agens vert markert ved (1) verbendelse eller (2) endring i verbstammen.

Døme:

  • Fleirtal via verbenign i choctaw
ishimpa
ish-impa
2SG.NOM-eta
«du et»
  • Endring i verbstammen i mikasuki
łiniik
laupa.SG
«å laupa (eintal)»
palaak
laupa.FÅ
«å laupa (nokre få)»
mataak
laupa.PL
«å laupa (mange)»
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads