Muslim League
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
All-India Muslim League, kjend som Muslim League, var eit politisk parti skipa i Britisk India ved byrjinga av 1900-talet. Det dreiv ein kampanje for muslimar i kolonien, parallelt med det hindudominerte Kongresspartiet sin kamp for sjølvstyre og etter kvart sjølvstende. Kampen enda med delinga av Britisk India og danninga av Pakistan i 1947.[1]
Etter danninga av dei to sjølvstendige landa fortsette partiet som eit mindre politisk parti i India, Indian Union Muslim League, som har vore del av fleire regjeringar. Partiet har gått gjennom fleire delingar. I Pakistan heldt det fram som Pakistan Muslim League eller berre Muslim League. I Bangladesh blei partiet gjenoppliva i 1976, men utan større støtte eller makt.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads