Mustapha av Queen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Mustapha» er ein song skriven av Freddie Mercury og spelt inn av det britiske rockebandet Queen. Det er den første låten på albumet Jazz frå 1978,[1] kategorisert som ein «rask hebraisk rockelåt» av Circus Magazine.[2]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

«Mustapha» vart gjeven ut på singel i Tyskland, Spania, Jugoslavia og Bolivia i 1979. B-sida til singelen var «Dead On Time» i Tyskland og Spania, og «In Only Seven Days» i Jugoslavia og Bolivia. Alle dei fire versjonane hadde forskjellige omslag.[3]

Teksten i songen inneheld både engelsk, arabisk og persisk og kanskje fleire oppdikta ord. Somme forståelege ord er «Mustapha», «Ibrahim» og setninga «Allah, Allah, Allah we'll pray for you», «salaam alaykum» og «alaykum salaam».

På somme konsertar song Mercury opninga av «Mustapha» i staden for den kompliserte introen til «Bohemian Rhapsody», og gjekk frå «Allah we'll pray for you» til «Mama, just killed a man...». Stundom spelte bandet nesten heile versjonen av songen, frå «Crazy-turneen» sent i 1979 til «The Game-turneen» i 1980, med Mercury på piano. Dei droppa det andre verset og gjekk frå det første refrenget til det tredje.

Remove ads

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads