My Baby Left Me

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«My Baby Left Me» er ein rhythm and blues-song skriven av bluesartisten Arthur Crudup seint i 1940-åra.

Han vart kjend då Elvis Presley spelte inn songen og gav han ut som b-sida til singelen hans «I Want You, I Need You, I Love You» i 1956. Han vart òg spelt inn av Wanda Jackson, Creedence Clearwater Revival i 1970 for albumet Cosmo's Factory og av John Lennon (feilaktig kalla «Since My Baby Left Me»), spelt inn under Rock 'n' Roll-innspelinga i 1973, men først gjeve ut etter han døydde på Menlove Ave. i 1986.

Ein singel av Dave Berry and the Cruisers nådde 37. plass på singellista i Storbritannia i 1964. Elton John spelte ein bit av «My Baby Left Me» som ein del av ein medley (i lag med eit bit av the Beatles sin «Get Back») under ei konsertframføring av «Burn Down the Mission»" på konsertalbumet 11-17-70.

Remove ads

Slade-versjonen

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

«My Baby Left Me» vart spelt inn av rockebandet Slade og gjeve ut som singel i 1977 som ei hyllest til Elvis Presley, som døydde i august det året. Singelen låg fire veker inne på UK Singles Chart og nådde 32. plassen. Han vart den siste singelen til Slade inne på lista, før 1980.

Slade-versjonen av «My Baby Left Me» vart blanda med ein annan Crudup-song kalla «That's All Right».

Lister

Meir informasjon Lister (1977), Plassering ...

Medverkande

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads