My Generation

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

«My Generation» er ein song av det engelske rockebandet The Who. Songen vart ein stor hit og er ein av dei mest kjende songane deira. Songen vert ofte trekt fram som ein av dei største rockesongane gjennom tidene, og vart av musikkmagasinet Rolling Stone rangert på 11. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene og på 13. plass på VH1 si liste over dei 100 største rockesongane.[5] Songen er òg ein av del av lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll, og han er innlemma i Grammy Hall of Fame. I 2009 vart han rangert på 37. plass av VH1 på lista deira over dei beste hardrocksongane gjennom tidene.[6]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen er skriven av Pete Townshend i 1965 for den opprørske britiske ungdomsrørsla kalla mods. Songen uttrykte kjensla om at eldre folk «rett og slett ikkje forstår kva det handlar om».

Songen vart gjeven ut som singel 5. november 1965 og nådde andreplassen i Storbritannia og 74. plas i USA.[7] «My Generation» vart òg gjeven ut på debutalbumet deira i 1965, My Generation (The Who Sings My Generation i USA) og finst i ein kraftig utvida versjon på konsertalbumet Live at Leeds (1970). The Who spelte songen inn att på ny for EPen Ready Steady Who! i 1966, men denne versjonen vart først gjeven ut i 1995 på den nymastra utgåva av A Quick One. Den største skilnaden mellom desse to versjonane er at i staden for feedbackavsluttinga på originalen, endar den nye utgåva i ei kaotisk utgåve av Edward Elgar sin «Land of Hope and Glory».

Remove ads

Inspirasjon

Townshend skreiv visstnok songen på eit tog og skal ha vore inspirert av dronningmora, som skal ha fått ein likbil som Townshend eigde taua bort frå ei gate i Belgravia fordi ho ikkje likte synet av bilen på den daglege køyreturen hennar gjennom nabolaget.[8] Townshend har òg nemnd Mose Allison sin «Young Man Blues» som ei inspirasjonskjelde, og skal ha sagt at utan Mose Allison hadde ikkje han skrive songen.[9] Townshend fortalde Rolling Stone i 1985 at «My Generation» handla om å prøve å finne plassen sin i samfunnet.»[10]

Remove ads

Komposisjon

Teksten til songen er rekna som ein av dei tydlegaste bodskapane om ungdommeleg opprør i rockehistoria. Tonen til songen var aleine ein forgjengar for punkrockrørsla. Eit av dei mest kjende sitata frå teksten er «I hope I die before I get old» («Eg håpar eg døyr før eg vert gammal»), som vert sunge av Roger Daltrey.

Som mange av dei tidlege Thw Who-songane er «My Generation» tydeleg inspirer av amerikansk R&B, særleg call and repsonse-forma i versa. Daltrey song ei linje og korvokalistane Pete Townshend og John Entwistle, svarte med refrenget «Talkin' 'bout my generation»:

People try to put us d-down (Talkin' 'bout my generation)
Just because we g-g-get around (Talkin' 'bout my generation)
Things they do look awful c-c-cold (Talkin' 'bout my generation)
I hope I die before I get old (Talkin' 'bout my generation)

Eit anna tydlege aspekt med «My Generation» er den sinte og frustrerte stamminga til Daltrey. Det finst fleire soger om korleis denne stamminga kom til. Ein av dei er at songen starta som ein sakte «snakkande» bluessong utan stamming, men etter å ha vorte inspirert av John Lee Hooker sin «Stuttering Blues», omarbeidde Townshend songen til den noverande forma. Ei anna soge er at det vart foreslått for Daltrey at han skulle stamme for å høyrast ut som ein britisk mod på amfetamin. Plateprodusenten Shel Talmy har fortald at det rett og slett var «eit uhell», som dei valde å halde. Roger Daltrey har òg sagt at han ikkje øvde på songen før innspelinga og ikkje kunne høyre stemma si i monitorane. Då han skulle synge songen kom stamminga av at han prøvde å passe teksten til musikken. Bandet syntes det høyrdest bra ut og valde og halde det slik. BBC ville først ikkje spele «My Generation» for å unngå og fornærme folk som stamma, men valde å snu om på dette då songen vart populær.

Instrumenteringa på songen reflekterer teksten, rask og aggressiv. Songen er mellom anna kjend for å innehalde ein av dei første bassoloane i rockehistoria. Denne vart spelt av Entwistle på hans Fender Jazz Bass, i staden for Danelectro-bassen han ønskte å bruke. Danelectros-bassen hadde sjeldant tynne strengar som brukte å slitne, så Entwistle vart frustrert og nytta i staden Fender-bassen sin. Avsluttinga på songen inneheld tromming av Keith Moon og gitarfeedback frå Townshend sin Rickenbacker 330, i staden for ein normal nedtoning.

Remove ads

Medverkande

Salslister

Meir informasjon Liste (1965–66), Plassering ...
Meir informasjon Liste (1988), Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Andre utgåver

Mange artistar har spelt sine utgåver av «My Generation». Av desse finn ein mellom andre Oasis, Iron Maiden, Hilary Duff, Green Day, Phish, Floater, The Wahas, The Zimmers, Gorky Park, Di-Rect, Generation X, Acrylic Steel, The Sweet og Patti Smith

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads