N'Golo Kanté
fransk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
N'Golo Kanté (fødd 29. mars 1991) er ein fransk fotballspelar som i 2018 vart verdsmeister med Frankrike sitt landslag under meisterskapen i Russland. Han er ein defensiv midtbanespelar som sidan 2016 har spelt på den engelske fotballklubben Chelsea FC.

Remove ads
Kanté spelte på tredjedivisjonslaget US Boulogne i 2012/13-sesongen. Dei to neste sesongane utmerkte han seg i SM Caen, på eit lag som i 2014 rykte opp i den franske toppserien. Sommaren 2015 vart han overført til engelske Leicester City. Her bidrog han mykje til at klubben frå Leicester mykje overraskande gjekk heilt topps i den engelske ligaen 2016. To månader seinare gjekk turen vidare til Chelsea FC, også med London-klubben vart Kanté ligameister i sin fyrste sesong på laget. I mai 2018 var han med å vinne FA-cupfinalen 1-0 mot Manchester United.
Remove ads
Kanté fekk sin landslagdebut i mars 2016 og spelte fire av kampane då Frankrike same året tok seg til finalen i Fotball-EM på heimebane. Han kom ikkje på bana i sjølve finalen, ein kamp Portugal vann med 1-0 etter ekstraomgangar. Under verdsmeisterskapen 2018 i Russland deltok Kanté i alle Frankrike sine kampar, også i VM-finalen i Moskva der Frankrike vann Rimet-pokalen med siger 4-2 mot Kroatia. Pr juli 2018 har Kanté spelt 31 landskampar og skåra eitt mål.
Remove ads
- Verdsmeister: 2018 for Frankrike
- Engelsk ligameister: 2016 med Leicester City og 2017 med Chelsea FC
- Engelsk cupmeister: 2018 med Chelsea FC
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «N'Golo Kanté» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2018.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads