Leicester
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Leicester (uttalt
i/ˈlɛstər/, LES-tər[2]) er ein by og ei sameint styresmakt i East Midlands i England. Han er òg hovudbyen i Leicestershire. Byen ligg ved elva Soar og ved utkanten av National Forest. Leicester har tett opp under 300 000 innbyggjarar, den største i East Midlands, medan kring 440 000 bur i det større urbane området. Storbyområdet kring Leicester hadde 559 017 innbyggjarar i 2021, slik at Leicester var det 11. folkerikaste byområdet i England[3] og det 13. folkerikaste i Storbritannia.
Remove ads
Historie
Leicester er ein av dei eldste byane i England, med ei soge som går minst to tusenår tilbake.[4] Britonske jernalderfolk ser ut til å ha utvikla ein busetnad ved elva Soar på 100-talet eller 1. hundreåret fvt., rundt eit hundreår før romarane kom til staden.[5] Under romarane var staden ein militær utpost kalla Ratae Corieltauvorum, busett av den keltiske stamma corieltauvi. Ein kan framleis sjå restane etter gamle romerske fortau og bad i Leicester.
Etter at det romerske samfunnet forsvann tidleg i mellomalderen veit ein lite om Ratae Corieltauvorum, men då busetnaden vart erobra av vikingane vart han ein av fem festningsbyar som var viktig for Danelagen. Namnet «Leicester» meiner ein kjem frå orda castraen til «Ligore», som tyder ein leir ved elva Legro, eit tidleg namn på elva Soar. Leicester er nemnd i Domesday Book som «Ledecestre». Leicester voks gjennom den tidlege moderne perioden som ein kjøpstad, sjølv om det var først under den industrielle revolusjonen at byen verkeleg starta å vokse i form av uplanlagd urbanisering.
Ein ny jernbane og eit kanalnettverk gjennom området stimulerte industrien i området på 1800-talet, og Leicester vart eit stort økonomisk senter med mange produsentar innan ingeniørvitskap, skoproduksjon og ullvarer. Den økonomiske suksessen til desse industriane og føretaka desse førte med seg gjorde at byen utvida seg utover den omliggande landsbygda. Grensene til Leicester vart utvida gjennom 1800- og 1900-talet, og han vart ein bykommune i 1889 og fekk bystatus i 1919.
Remove ads
Dagens by
I dag ligg Leicester langs Midland Main Line og nær motorvegen M1. Byen har ein stor etnisk minoritet, særleg folk av sørasiatisk opphav, som i særleg grad har kome til Storbritannia etter den andre verdskrigen. Leicester er eit senter for høgare utdanning med både Leicester University og De Montfort University i byen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

