Nõmme
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads

Nõmme er eit av dei 8 administrative distrikta (linnaosa på estisk) i Tallinn, hovudstaden i Estland. Innbyggjartalet er på 39.400 (2006) på eit areal på om lag 28 km². Bydelen består for det meste av eldre privathus, og er av og til kalla «skogbyen».
Nõmme har 10 underdistrikt (asum på estisk):
- Hiiu
- Kivimäe
- Laagri
- Liiva
- Männiku
- Nõmme
- Pääsküla
- Rahumäe
- Raudalu
- Vana-Mustamäe
Nõmme har ein stasjon på jernbanelina Elektriraudtee.
Remove ads
Historie
Nõmme var grunnlagt i 1878 av Nicolai von Glehn, eigaren av Jälgimäe-godset, som eit sommarhus-område. Utviklinga starta rundt jernbanestasjonen. I 1926 fekk staden byrettar, men vart ved starten av den sovjetiske okkupasjonen i 1940 slått saman med Tallinn.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Nõmme» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2009.
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads