NSB type 72

From Wikipedia, the free encyclopedia

NSB type 72
Remove ads

NSB type 72 er eit elektrisk motorvognstog beståande av fire vogner. Det blir brukt til lokaltrafikk på Jærbanen og saman med dei eldre NSB type 69 for lokaltrafikk rundt Oslo. Togtypen blei sett i drift i 2002. Alle dei 36 togsetta blei bygde av italienske Ansaldobreda. Samanlikna med type 69 er type 72 utstyrt med større vindauge og elektronisk informasjonssystem. Toga er òg betre tilpassa funksjonshemma og settet har litt betre plass enn sjølv dei største utgåvene av type 69.

Kjappe fakta Informasjon, Type ...

Type 72 blir køyrt i togsett med fire vogner. I kvar ende er det vogner med månads-/periodekort. Desse har òg førarhus, noko som gjer at togsetta slepp å snu ved endestasjonar (for eksempel Stavanger Stasjon). Dei to vognene i midten er alltid betjent og har òg toalett (tilpassa funksjonshemma). Kvart togsett har omtrent like mange sitteplassar i kvar køyreretning.

Dei første togsetta blei bestilt i 1999 og blei levert til Drammen hamn i 2002 med lasteskip frå Italia. Dei fire første togsetta kom i drift på Jærbanen i november 2002. 27. mars 2006 blei det foreløpig siste settet levert til NSB.

Remove ads

Spesifikasjonar

  • Lengd: 85,7 m
  • Eigenmasse: 161,2 tonn
  • Sitteplassar: 310
  • Maksimal snøggleik: 160 km/t

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads