Nabatieh

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nabatieh
Remove ads

Nabatieh (arabisk النبطية) eller Nabatîyé er det administrative senteret i Nabatieh guvernement sør i Libanon. Nabatieh har kring 85 000 og er senteret i området Jabal Amel.

Thumb
Beaufortborga, ei krossfararborg nær Nabatieh.
Kjappe fakta Land, Guvernement ...

Det vert halde marknad i byen kvar måndag då folk frå nabolandsbyane kjem hit for å veksle varer.

På ein topp med utsikt over den sørlege Beqaadalen står Belfortborga. Borga har tilkomst frå landsbyen Arnun, som ligg 7 km søraust for Nabatieh. Føre denne festninga ligg ei stor cisterne og ruinane av ein antikk landsby. Ein er usikker på kven som bygde borga. I følgje Vilhelm av Tyr, vart ho reist av krossfarar, men somme forskarar meiner ho er eldre enn dette. Borga er nesten heilt i ruinar, og berre austveggen, inngangen og trappa i det store tårnet i midten har overlevd.

Nabatieh har to historiske moskéar. Den eine vart bygd på 1500-talet og ligg midt i byen. Den andre vart bygd av mamelukkane og ligg i Nabatieh al Fawqa.

Innbyggjarane i Nabatieh er hovudsakleg sjiamuslimar, men her bur òg mange gresk-katolikkar.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads