Nadia Ansar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Nadia Ansar (fødd 1979) er ein norsk-pakistansk psykolog og forfattar.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv og virke

Ansar er fødd i 1979 ved Aker sykehus.[1] og voks opp i Oslo. Ho har ein doktorgrad i psykologi frå Universitetet i Oslo (2022) basert på sin randomiserte kontrollerte studie i emosjonsfokusert ferdigheitstrening.[2][3][4][5] Ansar arbeidar (per 2025) som forskar og rettleiar ved Institutt for psykologisk rådgivning i Oslo.[6]

Ansar er spesialist i emosjonsfokusert terapi og klinisk familiepsykologi, og har vore tilsett som psykolog i barne- og ungdomspsykiatrien, i familievernet og i Alternativ til vold.[7][8] Ho har også vore avdelingsleiar i Blå Kors kompasset.[8]

Som forfattar er Ansar kjend for sjølvbiografien sin sin Min skam – En historie om forventninger og løsrivelse, debutboka hennar som blei gjeven ut i 2023 av Cappelen Damm.

Remove ads

Prisar og utmerkingar

I 2023 fekk Ansar, saman med Abid og Abida Raja, YS’ likestillingspris[9] og Advokatforeningens ærespris saman med Abid Raja.[10] I 2024 mottok ho Formidlingsprisen For Kvinners Helse.[11][1]

Privatliv

Ansar er gift med politikaren Abid Raja.[12][13] Dei gifta seg 25. desember 2001 i Pakistan,[12] og har tre barn saman.[13]

Bibliografi

  • Min skam – En historie om forventninger og løsrivelse (Cappelen Damm, 2023)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads