Nairobi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nairobi er hovudstad og største by i Kenya. Nairobi er òg administrativt senter i Nairobi provins og i distriktet Nairobi. Byen ligg ved Nairobielva, sør i landet i ei høgd på 1 661 meter over havet. Namnet kjem frå Maasai, Ewaso Nyirobi, og tyder «kaldt vatn».
Byen er ein av dei viktigaste i Afrika både politisk og økonomisk. Han er eit senter for forretningar og kultur og mange selskap og organisasjonar held til der.
Remove ads
Demografi
Nairobi er den mest folkerike byen i Aust-Afrika og storbyområdet har mellom 3 og 5 millionar innbyggjarar. I følgje ei folketeljing i 1999 har det administrative området i Nairobi 2 143 254 innbyggjarar fordelt på 684 km².[2] I 2002 var Nairobi den 12. største byen i Afrika.
Historie
Nairobi vart grunnlagd i 1899, som ein etterforsyningsstasjon for den ugandiske jarnbanen mellom Mombasa og Uganda, og overtok rolla som hovudstad etter Mombasa i 1905. Han vart ombygd tidleg på 1900-talet etter eit pestutbrot og ein større bybrann. Nairobi vart hovudstad i Britisk Aust-Afrika i 1907 og kenyansk hovudstad etter sjølvstendet i 1963.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads