Najaf
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Najaf (arabisk اَلـنَّـجَـف) eller An Najaf Al Ashraf (arabisk النّجف الأشرف) er ein by sør i det sentrale Irak kring 160 km sør for Bagdad. Folketalet var i 2013 estimert til kring éin million innbyggjarar.[2] Han er hovudstad i Najaf guvernement. Najaf er ein av dei mest heilage stadene inna sjia-islam og senter for den politiske makta til sjiamuslimar i Irak. Byen ligg ved Eufrat, noko sør for Karbala og kring 130 km sør for Bagdad. I 2003 hadde han kring 563 000 innbyggjarar.[3]
Najaf voks fram som valfartsstad for sjiamuslimar.[3] I byen ligg Imam Ali-moskeen, der stiftaren av sjia-islam, Ali ibn Abi Talib (ca. 600–661), er gravlagd.[3] I nærleiken ligg òg Wadi-us-salaam, fredsdalen, ein veldig gravplass som skal vera den største i den muslimske verda. Her er fleire profetar er lagt til kvile, og truande ønskjer framleis å bli gravlagd her, slik at dei kan stiga opp med imam Ali på dommedag.
Remove ads
Historie
Najaf skal ha blitt grunnlagd i 791 av abbasidekalifen Harun al-Rasjid. Etter kvart er han blitt fylt med skular, bibliotek og sufisenter slik at han blei den viktigaste byen for sjiittisk lærdom og teologi, på linje med Qom i Iran. Mange vidkjende teologar har studert her, til dømes Allameh Tabatabaei, Ayatollah Khomeini og Ayatollah Sistani.
Under det sunnidominerte styret til Saddam Hussein i Irak såg ein på byen med mistru, og det blei lagt band på dei religiøse aktivitetane til sjiamuslimar. Mot slutten av Gulfkrigen i 1991 braut det ut eit stort opprør som blei slege ned av det irakiske militæret.
Då amerikanske styrkar invaderte Irak i 2003 kringsette dei byen, men ønskt ikkje å gå inn i han, av frykt for å få sjiaane imot seg. Rundt ti dagar etter at Bagdad fall gav Najaf opp motstanden.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads