Namsos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Namsos er ein by og administrasjonssenteret i Namsos kommune i Trøndelag fylke. Byen ligg lengst inne i Namsenfjorden, ved munningen av lakseelva Namsen, og har 8 422 innbyggjarar per 1. januar 2024.
Namsos vart grunnlagt i 1845. Byen består mest av trehus og har brunne ned tre gonger i si relativt korte historie. Fyrste gongen var i 1872 då to gutar leikte med fyrstikker. Andre gongen var i 1897 av ukjent årsak. Tredje gongen var under andre verdskrigen då byen vart bomba av tyske fly den 20. april 1940. Nærleik til Namsen og dei store skogane gjorde staden ideell for sagverk. I dag finst framleis eitt av dei elleve historiske sagverka, Moelven Van Severen.
Det er tollavgift med bil inn til Namsos, som skal gå til å finansiere ei ny bru og tunell, i tillegg til vedlikehald av det lokale vegnettet.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Namsos» frå Wikipedia på svensk, den 4. juli 2012.
Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads