Gitaristen Nancy Wilson

amerikansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Gitaristen Nancy Wilson
Remove ads

Nancy Lamoureaux Wilson (fødd 16. mars 1954) er ein USA-amerikansk musikar, songar, låtskrivar, produsent og filmkomponist. Ho vart kjend i lag med den eldre systera si, songaren Ann Wilson, som gitarist og korvokalist i rockebandet Heart, der ho vart medlem i 1974.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Ho voks opp nær Seattle i forstaden Bellevue, og byrja å spele musikk som tenåring. Medan ho gjekk på college, vart ho i lag med systera Ann medlem av Heart. Dette var det første hardrockbandet fronta av kvinner,[1] og Heart gav ut fleire album seint i 1970- og i 1980-åra, frå og med Dreamboat Annie (1975) og Little Queen (1977), som begge inneheldt hitsinglar som «Magic Man», «Crazy on You» og «Barracuda».

Wilson har blitt hylla som gitarist og i 2016 kåra Gibson ho til den åttande beste, kvinnelege gitaristen gjennom tidene.[2]

Remove ads

Diskografi

  • Live from McCabe's Guitar Shop (1999)
  • Nancy Wilson – Instructional Acoustic Guitar (2007, DVD)
  • Baby Guitars (2009)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads