Narkval

pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia

Narkval
Remove ads

Narkval (Monodon monoceros) er ein tannkval i narkvalfamilien. Narkvalen er kjend for den lange og spydliknande spiralsnodde, framoverretta støyttanna (eigenleg den eine hjørnetanna) som hanndyra har.

Thumb
Narkval ved nordlege Franz Josefs land i juni 2019
Kjappe fakta

Narkvalen lever i arktiske farvatn, hovudsakleg frå Canada austover til austlege delar av Sibir, og vert jamleg observert i nordaustlege Svalbard.[2] Den totale bestanden av reproduserande dyr er ca. 123 000 dyr. Det vert driven fangst på narkval av inuittar i Canada og på Grønland.[3]

Namnet «narkval» kjem frå norrønt náhvalr, som tyder 'likkval'.[4] Den lange, spiralsnodde støyttanna vart i mellomalderen likna med hornet i panna på det fabeldyret som vart kalla einhyrning, og ofte selt til uvitande som einhyrningshorn.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads