Narvaelva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Narva (estisk Narva jõgi) eller Narova er ei elv som renn langs grensa mellom Estland og Russland. Ho har sitt utspring frå innsjøen Peipus, og renn gjennom byane Narva/Ivangorod og Narva-Jõesuu, og ut i Narvabukta, som er ein del av Finskebukta i Austersjøen. Narvareservoaret er ein kunstig innsjø (191 km²), som vart oppretta i 1956. Lengda på elva er 77 km, og har ei gjennomsnittleg breidd på 300 meter og ei djupn på 5 meter. Den største sideelva hennar er Pljussa.
Elva har gjeve namn til Narva-kulturen.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads