Peipus

From Wikipedia, the free encyclopedia

Peipus
Remove ads

Peipus (estisk Peipsi järv, russisk Чудское озеро, Tsjudskoje ozero) er ein stor innsjø på grensa mellom Estland og Russland.[1]

Kjappe fakta Land, Tilsig ...

Peipus er den fjerde største innsjøen i Europa, med eit areal på 3 555 km². Berre Ladoga, Onega og Vänern er større i Europa.

Thumb
Satellittbilete av Peipus

Sjøen har tre delar: Ein større del, kjend under namnet Peipus, ein mindre del, Pihkva/Pskov, og eit sund mellom desse, Lämmi/Tjoploje.

Peipus er ein grunn innsjø, med største djupn på 15 meter og ei middeldjupn på 7 meter. Sjøbotnen er for det meste gråfarga mudder, men er sandete i sør.[1]

Fiskelivet i sjøen er rikt, men sjøen er ureina etter utslepp i Sovjet-tida.

Elva Emajõgi munnar ut i Peipus frå Võrtsjärv i vest. I nord renn Narvaelva ut av Peipus og til havet i Finskebukta.

Sjøen er frosen rundt seks månader i året.[1] I 1242 var den islagde innsjøen åstad for Slaget ved Peipus (kjend i Russland som «slaget på isen») mellom Den tyske riddarordenen og folk frå Novgorod under Aleksandr Nevskij.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads