Natalja Dobrynska

From Wikipedia, the free encyclopedia

Natalja Dobrynska
Remove ads

Natalja Volodymyrivna Dobrynska (fødd 29. mai 1982) er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar frå Vinnytsia som tevla i mangekamp. Ho vart olympisk meister i sjukamp i 2008 og tok EM-sølv i same øvinga i 2010.

Kjappe fakta
Thumb
Natalja Dobrynska i 2012
Remove ads

Aktiv

Dobrynska høyrde til verdseliten i mangekamp frå 2004, utan å nå opp til medaljestriden anna enn i femkamp i innandørsmeisterskapane. Ho lukkast derimot overmåte godt då ho vann gullmedaljen under sommarleikane 2008 i Beijing, der ho sette personleg rekord med 6 733 poeng, over 100 poeng meir enn sølvvinnaren. To år seinare forbetra ho den personlege rekorden med 45 poeng under friidretts-EM i Barcelona, men måtte nøye seg med sølvmedalje ettersom det var ytterlegare 45 poeng opp til europameisteren, Jessica Ennis frå Storbritannia.

I 2012 oppådde Dobrynska 5013 poeng då vann ho femkamp i innandørs-VM i Istanbul. Dermed var ho den fyrste kvinna som passerte 5000-grensa.

Remove ads

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads